Kvernevik

I Kvernevik mellom Tertnes og Morvik i Åsane ligg ein gammal fabrikkbygning. Her vart det etablert sagbruk, og staden høyrer med i Vestlandets tekstilindustrielle historie, og vitnar om den store etableringsbølgja bransjen opplevde på slutten av 1800-talet. Dessutan vitnar den om den neste industrielle etableringsbølgja: sildoljeindustrien, som òg vart forsøkt her. Kvernevik blei aldri noko stort verken innan tekstil eller sildolje, og difor er fabrikken òg eit vitne om ein del av industrihistoria som er typisk, men ikkje så mykje omtala som suksesshistoriene: Mellomstore fabrikkar som berre går sånn passe bra...

Kvernevika var ein av dei første industristadane i Åsane. Her renn Dalaelva ut, og vasskrafta kunne nyttast på ulikt vis. Det starta med at John S. Bull kjøpte Kvernevika i 1841. Han etablerte eit sagbruk, men verksemda fekk ikkje noko lang levetid. Nestemann ut var Johannes Fossmark. I 1840-åra leigde han fleire tomter på begge sider av Dalaelva, og han sikra seg dessutan rett til å utnytta sjølve elva. Fossmark fekk bygd ei stampemølle til toving og farging av vevde stoff.

Stampemølle

Fabrikken med Dalaelven i forgrunnFoto: Åsane Historielag
Foto: Åsane Historielag
Fabrikken med Dalaelven i forgrunn
Kvernevikstemma sikra stabil vasstilførsel. Det var truleg Bull som hadde byrja å anleggja demning her, medan Fossmark fullførte prosjektet. Sistnemnte hadde også fargeri i Salhus. Ved folketeljinga i 1865 budde Fossmark på Tertnes og er titulert Farver og Møller. Stampemølla skal ha vore i bruk til 1896, då ho blei øydelagt av ein brann.

Kværneviks Uldvarefabrik

Fra ullvarefabrikkenFoto: Åsane Historielag
Foto: Åsane Historielag
Fra ullvarefabrikken
I 1889 kom det ei ny verksemd i Kvernevika. Det var bakermeister E. Langberg i Bergen som stod bak Kværneviks Uldvarefabrik. Dei første åra tok ullvarefabrikken helst imot ull til spinning frå bønder i området. Dette endra seg etter at den tidlegare seglskuteskipparen Tobias Torkildsen vart medeigar i 1892. Han sørgde for at fabrikken fekk moderne maskiner, og ein ekspert frå England vart henta for å betra produksjonen.

Kvernevik ca 1970-tallet.Foto: Åsane Historielag
Foto: Åsane Historielag
Kvernevik ca 1970-tallet.
Her vart laga mellom anna vevde ullteppe, garn til sportsstrømper og vattplater. Kommisjonærar rundt på Vestlandet tok seg av salet. I tilknytning til fabrikken kom både ein funksjonærbustad og brakker til sesongarbeidarar.

Sildemjøl og sildeolje

Reklamebrosjyre fra etter gjenoppbyggingen i 1907Foto: Åsane Historielag
Foto: Åsane Historielag
Reklamebrosjyre fra etter gjenoppbyggingen i 1907
Ein brann i 1906 øydela ullvarefabrikken, men han vart reist på ny. Hendinga markerte likevel byrjinga på slutten for verksemda. Konkurransen med dei større fabrikkane i Salhus og Eidsvåg var hard og medverka til nedlegginga. Etter ei tid med stillstand i Kvernevika starta Alf K. Torkildsen, son til Tobias Torkildsen, A/S Melior Fabrikker som produserte sildemjøl og sildeolje. Høgkonjunkturane under første verdskrig la grunn for ekspansjon. Kaien vart gjort større, og ein silo som tok 5000 hl blei bygd. Arbeidsstokken bestod av om lag 20 personar. I 1919 brann også denne fabrikken ned. Han vart oppbygd på ny, men etter nokre år tok drifta slutt. Seinare såg ulike aktivitetar dagens lys i Kvernevika, men ingen i stor målestokk.

Foto: Dag Andreassen
Foto: Dag Andreassen
Røyrgater, demningsrestar og tufter vitnar framleis om industrireisinga her.

Tekst: Endre Fyllingsnes / Dag Andreassen (ingress)

Grunnlagt: 1896

Avviklet: 1930 ca

Adresse: Kvernevik, Tertnes

Kilde: Digitalt Fortalt / www.sffarkiv.no / Åsane i hundre / Fyllingsnes, Frode: Åsane – i fortid og nåtid. Bergen: Bodoni, 2007.