Legeringsverket
Dei to første fabrikkane i Tyssedal, Legeringsverket og Jern- og stålverket, blei aldri store lokomotiv i industriutviklinga. Dei hadde kort levetid, men erfaringane dei gjorde var viktige, og investeringane i bygg og infrastruktur blei bruka til annan produksjon etterpå.
Tysso legeringsverk ca 1911. Tyssedal kraftstasjon i bakgrunnen. Vi ser det er bygt elveforbygning og sett opp hengebru over Tysso.
Fabrikken Tysso Legeringsverk var bygt i 1910-11, men utvida med nye byggetrinn i 1915. Produksjonen ved Legeringsverket starta i 1911. Sigurd Aanonsen var ”bestyrer” frå starten til 1919. Då overtok Norsk Elektrothermisk AS i Ålvik, som leigde og dreiv verket fram mot 1925.
Foto: NVIM I-TY0472
Det ryk frå omnshuset på Legeringsverket den 15. oktober 1912. Om det er sinkråmalm eller ferrokrom som blir forsøkt produsert er usagt.To fabrikkar kom i gang med prøvedrift i Tyssedal fordi Tyssedal kraftstasjon hadde overskot på rimeleg elektrisk straum og hadde behov for å auka kundegrunnlaget. Kraftoverskot gav høve til utprøving av produksjonsmetodar som måtte utviklast før dei gav lønsam drift. Og på lang sikt skulle utprøvingane gje nye store kundar for kraftverket.
Først blei det bygt ein omn for smelting av ferrosilisium og tre omnar for ferrokrom, men berre ferrokrom kom i gang frå starten. Ferrokrom-onmnane hadde ein kapasitet på 500 elektriske hestekrefter kvar, men samla blei det framstilt berre rundt 2000 tonn ferrokrom.
Foto: NVIM
I åra 1911-12 blei verket utvida med ein sinkråmalm-omn på 5000 elektriske hestekrefter. Sinksmeltinga bygde på generaldirektør Ragnvald Blakstad sine erfaringar frå Norsk Elektrisk Metallindustri A/S, Sundløkken ved Sarpsborg, der Blakstad hadde vore leiar frå 1910-12. Sinkomnen var bygt under leiing av ingeniør E. Lustig. Men omnen gav ikkje sinkflyt som forventa, berre ”poussiere”. Dessutan var det problem med stadige ”blåsingar” og sinkdrifta måtte innstillast i denne omgangen.
Foto: NVIM I-TY0465
Utviding av Legeringsverket i 1915. Langs elva er stålkonstruksjonane til ein ny hall sett opp. I framgrunnen Sjoarfossen kraftstasjon, anleggsstasjonen frå 1907. Det var ikkje noko gale med ferrosilisium-omnen som var bygt i starten, men han kom ikkje i bruk dei første åra fordi det blei oppretta ein kontrakt med ferrosilisium-syndikatet mot ei godtgjering på 100 000 kroner. I 1914 blei ferrosilisium-syndikatet oppheva på grunn av verdskrigen og i åra 1914 – 1915 blei det produsert 2 500 tonn.
Foto: NVIM I-TY0462
Legeringsverket i oktober 1915. Vi ser at det er sett opp køyrebru over Tysso og råstofflageret er under bygging på sørsida av elvaVåren 1914 blei det vidare vedtatt å utvida Legeringsverket med fem nye ferrosilisiumsomnar à 4000 elektriske hestekrefter, og sju ferrokromomnar à 1000 elektriske hestekrefter. Men på grunn av krigen tok utbygginga lenger tid enn planlagt, og ho var ikkje ferdig før ved utgangen av 1917.
I 1919 overtok Norsk Elektrothermisk AS i Ålvik. Dei leigde og dreiv verket nokre år. Frå 1924-27 dreiv Det Norske Zinkkompani prøvedrift med sinksmelting i Legeringsverket.
Foto: NVIM I-00687
Legeringsverket i 1925 med transportband for råstoff over elva. På dette tidspunkt hadde Det Norske Zinkkompani A/S starta prøvedrift i anlegget. Fabrikkanlegget låg på nordsida av elva Tysso, i dalen inn mot Sjoarfossen der det òg var bygt brakker for AS Tyssefaldene.
Begge dei to første fabrikkane i Tyssedal hadde ei kort levetid, men erfaringane dei gav var viktige og bygningar og investeringar i kaiar og infrastruktur kunne dels brukast til annan produksjon etterpå. Betongbygget som opprinneleg var instrumenterings- og laboratorium står framleis og er i ny bruk.
Tekst: Brita Jordal, NVIM
Grunnlagt: 1910
Avviklet: 1925
Adresse: Tyssedal
Kilde: AS Tyssefaldene utviklingshistorie 1906-29 og 1906-56.