Hylkje Spinneri

I Åsane nord i Bergen skjedde fleire etableringar i tekstilindustrien: Eidsvåg, Salhus og Hylkje som dei fremste. På Hylkje, som dei fleste andre stadar, kom tekstilfabrikkane på stader der vasskraft også tidlegare hadde blitt utnytta, særleg til mølledrift. Spinneriet på Hylkje etablerte seg på eit dampskipsknutepunkt for eit stort oppland av råvareleverandørar, og knytte seg tidleg til resten av industrien i regionen som underleverandør til bl.a. Salhus. Spinneriet heldt det gåande til 1982.

Hyljke (Ingressbilde)

Hyljke spinneri innerst i Hylkjebukta, Åsane

Hylke Mølle var ei av dei tidlege mølleverksemdene i Nordhordland, og ullspinneriet på Hylkje var mellom dei første industritiltaka i Åsane.

Hylke Mølle

Dampskipsførar Johannes Magnusson fekk i 1888 festesetel på vassfallet Hylkjeselven i nordaustlege del av Åsane. Han sikra seg med det rett til å setja opp vassrenner og laga ei demning (stemme). Vassmagasinet kom på grunnen til Almås og Tuft. Mølledrifta starta i 1889, men vart aldri nokon suksess. Dessutan herja ein brann møllebygningen i 1893. Mølla vart bygd opp att, men ho greidde ikkje å konkurrera med dei større handelsmøllene i distriktet. I 1900 var konkursen eit faktum. Mølla blei etter nokre år gjort om til ullspinneri.

Hylke Uldspinderi

Ullspinneriet på Hylkje var mellom dei første industritiltaka i denne delen av Åsane. Johannes Runhovde, Olai Runhovde og Olai Småland kjøpte i 1906 konkursbuet Hylkje Mølle. Dei gjorde mølla om til Hylkje Uldspinderi. I den første tida var fem sysselsette det vanlege, seinare auka arbeidsstokken til 8-10 mann.

Frå starten satsa ein på å vera underleverandør til andre fabrikkar, særleg Salhus Væverier. Seinare blei det mykje spinning for bøndene i området. Folk leverte ull og mottok ferdig garn. Framstilling av husflidsgarn til kunstvev og strikkegarn utgjorde også eit satsingsområde.

«Sjoddy»

I 1923 vart bedrifta omorganisert til aksjeselskap. Eit tilbakevendane problem var at spinneriet måtte stogga på grunn av liten vassføring i tørkeperiodar. Dette betra seg etter at jernrøyrar og turbin erstatta trerenner og vasshjul.

Ein fillerivar, plassert i eigen bygning på grunn av brannfaren, blei innkjøpt for å produsera såkalla ”sjoddy”, som kunne brukast til dømes i vatteppe og madrasser. Drifta gjekk godt i tida etter andre verdskrig. Fabrikken kunne utvidast, og nye maskiner blei innkjøpte.

I 1974 overtok Rolvsvåg Skraphandel aksjane og dreiv fabrikken vidare til midten av 1980-åra. Då vart spinneriet nedlagt. Bygningane fekk ulike eigarar ein periode, men sidan 1988 har ein motorsykkelklubb eigd lokala.

Tekst: Frode Fyllingsnes (Ingress: Dag Andreassen)

Grunnlagt: 1906

Avviklet: 1982

Antall ansatte: 12

Adresse: Hylkjeneset