DNN Aluminium, Tyssedal
DNN sine fabrikkar i Eydehavn og Tyssedal starta som dei største aluminiumsfabrikkane i verda og enda opp som dei minste. Fabrikken i Tyssedal var i drift frå 1916 til 1981. DNN produserte for eksport og hadde for det meste utanlandske eigarar. Utviklinga på 1970-talet var lenge usikker i Tyssedal og skapte stor uro lokalt og politisk. Fabrikkanlegget blei rive i 1981/82. Både i Tyssedal og i Eydehavn blei fabrikken kalla ”Nitriden”. Offisielt var namnet Det Norske Nitridaktieselskap, forkorta DNN AS, og frå 1970 DNN Aluminium A/S. ”Nitriden” var ei hjørnesteinsbedrift og den største arbeidsplassen i Tyssedal. På 1980-talet kom eit ilmenittsmelteverk på same området.
Oppstart
Selskapet DNN kom til Tyssedal i 1916 fordi DNN-fabrikken i Eydehavn ved Arendal var for liten til å dekka etterspørselen etter aluminium og fordi AS Tyssefaldene hadde ledig elektrisk kraft og fabrikkområde. Første verdskrigen førte til auka bruk av aluminium. DNN overtok disonibel kraft, bygningar og infrastruktur etter det feilslåtte Hardanger Elektriske Jern- og Stålverk, ”Hardangerverket”. Aluminiumsfabrikken blei bygd på rekordtid. Entreprenørfirmaet Høyer-Ellefsen utførte planering og fundament-arbeidet på forsommaren, eit demontert anlegg blei frakta frå USA til tross for krigssituasjonen og fabrikken blei montert frå juli til desember.
Eigarskap
DNN AS var stifta i 1912 av Det Norske Nitridaktieselskap for Elektrokjemisk Industri og det franske Pechiney, med selskapet Societe Generale des Nitures (SGN). Pechiney hadde drive aluminiumsproduksjon heilt frå 1860. I 1923 kom British Aluminium Company Ltd., BACo, og Aluminium Company of America, Alcoa, inn som medeigarar med ein tredjedel kvar. Alcoa sin del gikk i 1928 over til Aluminium Ltd., det seinere Alcan. Kvar av partene leverte ein tredjedel av aluminiumoksiden og mottok kvar sin tredjedel av det produserte metallet. I 1958 selde Pechiney sin del i selskapet til Alcan og BACo.
Produksjon og teknologi
Foto: NVIM I-05747
Frå maskinhallen i Tyssedal, ca 1950Aluminiumsproduksjon er ein svært energikrevande prosess. Fem gonger meir energi gjekk med til aluminiumsproduksjon enn til stålproduksjon. Vurdert ut frå kraftbehov er derfor Tyssedal og vasskraftlandet Norge veleigna for metallforedling. Aluminium er framstilt av aluminiumoksid som blir utvunne av jordarten bauxitt. Gjennom smelteelektrolyse blir oksidet redusert til aluminium. Det trengst 2-3 tonn bauxitt til 1 tonn oksid og dette gjev ½ tonn aluminium.
Foto: NVIM I-04363
Støyping av aluminium. Under 2. verdskrigen (1940-1945) var fabrikken under tysk forvalting. Tilførselen av råstoff var ujamn og produksjonen i Tyssedal varierte mellom 5 500 og 11 000 tonn årleg. Berre 30 av 251 omnar var i drift ved slutten av krigen.
Fram til 1947 var Eydehavn og Tyssedal Norges største aluminiumsprodusent samla sett. I 1926 blei det produsert 14 000 tonn aluminium i Tyssedal. I 1950- 60- og 70-åra låg produksjonen på ca 20 000 tonn. Eydehavn produserte til samanlikning 10 000 tonn i 1964.
På 1960-talet blei det bygd fleire nye fabrikkar både i Norge og andre stader. Produksjons-kapasiteten auka stekt. For nye verk låg han gjerne på 120 000 årstonn. Det førte til overproduksjon og svikt i marknaden.
Foto: NVIM I-04363
Søderbergomn i Tyssedal, ca 1980 Fabrikken i Tyssedal køyrde lenge på produksjonsutstyret og hallane som var monterte i 1916. Omnane var små og opne. I 1953 kom det nye Søderbergomnar i dei gamle hallane. Dette var den siste store investeringa. Men utstyret blei etter kvart lite effektivt og nedslite. Omkring 1970 var DNN i Tyssedal det mest umoderne aluminiumsanlegget i landet. Produksjonen kravde 2,5 gonger så mange arbeidstimar pr produsert tonn som hos konkurrentane.
Arbeidskraft
Foto: NVIM I-03466
På slutten av 1960-talet var det vanskeleg å rekruttera nok menn. Ni kvinner kom då inn i produksjonen frå 1970. I tillegg kom ein del framandarbeidarar frå Tyrkia. Til hjelp ved montasje og igangsetting blei det både i Eydehavn og Tyssedal nytta mange franske ingeniørar og montørar i den første oppbyggingstida. Hans Fredrik Hygen blei sendt frå Eydehavn som byggeleiar og var driftsleiar/direktør i Tyssedal i starten. Franskmannen Guesde var sjefsingeniør og nestkommanderande fram til han blei direktør frå 1918 til 1920.
Foto: NVIM I-03803
Kvinner og menn i arbeidslag ved DNN Tyssedal, 1971Nitriden var hjørnesteinsbedrifta i Tyssedal i om lag 65 år. Driftsstans var det kun frå 1921 til 1923. Frå 1930 til 1937 var det større og mindre innskrenkingar.
Tyssedal hadde omkring 1300 innbyggarar tidleg på 1960-talet. I 1964 hadde DNN Tyssedal 400 tilsette mot Eydehavn med 300 tilsette.
Kraftrettar og økonomi
I startfasen var overgangen frå ”Hardangerverket” til DNN i Tyssedal komplisert. Kraftkonsesjonen var for 30 000 elektriske hestekrefter. Kraftverksdirektør Ragnvald Blakstad medverka aktivt til løysing. Endeleg kraftleigekonsesjon var ikkje klar før i 1918. DNN kjøpte då Blakstad sine aksjar i ”Hardanger Elektriske Jern- og Stålverk”. Selskapet med det namnet var sidan berre bruka for bustadselskapet under DNN sin kontroll.
DNN Aluminium i Eydehavn blei nedlagt i 1975. Etter at den norske stat hadde forhandla fram heimkjøp av kraftressursane i Tyssedal, blei selskapet statsbedrift frå 1. januar 1976. Fagforeininga Elektrokjemisk Arbeiderforening og Odda kommune hadde lagt sterkt press på staten, og regjeringa gav garanti for at arbeidsplassane i Tyssedal skulle oppretthaldast. Det blei planlagt ein ny aluminiumsfabrikk, men neste regjering hadde eit anna syn. ”Tyssedalsaka” var ei eineståande industrisak i Norge. Det enda med oppretting av KS Ilmenittsmelteverket.
Miljøproblem og helseplager
Foto: NVIM I-04336
Skiftarbeidar med verneutstyr sist på 1970-talet.Fluorskadar på skogen nær fabrikken blei registrert alt frå første driftsår i 1917. Etter overgang til Søderberg-omnar og utviding av produksjonen, auka omfanget. Omnane var opne og folk fekk helseproblem. Sau på beite i fjellsida nord for Tyssedal fekk kjeveskadar. Det kom krav til redusert røykutslepp, noko som medførte avgrensa produksjon. Kapasiteten var utvida til 25 000 tonn i 1969, men dette kunne ikkje nyttast fullt ut.
Avvikling
Foto: Foto Birger Seim. Arkiv NVIM.
DNN Aluminium var eit mijøproblem og forureina både lufta og Sørfjorden.DNN Eydehavn blei lagt ned frå 1975. Også i Tyssedal såg eigarane Alcan og BACo mange ulemper. Tomta var for lita for utviding, det var røyk og fluorplager, vanskeleg å skaffa arbeidsfolk og overproduksjon av aluminium i store, driftseffektive verk i verda. Alcan satsa vidare i Norge gjennom Årdal-Sunndal Verk.
Konjunktur-nedgangen kom alt frå 1968. Produksjonen i Tyssedal gjekk likevel heilt fram til 1981 på grunn av den billege krafta. Den lokale motstanden mot nedlegging og overføring av kraft og presset mot staten i spørsmålet om arbeidsplassgaranti, kan ha medført utsetting av tidspunktet for nedlegging. Distriktspolitiske omsyn var vurdert på den einsidige industristaden.
Dokumentasjon
Før nedlegging sørga Hardanger Folkemuseum for ein etnologisk dokumentasjon av fabrikken. Dette er oppsummert i rapporten Nitriden i Tyssedal : arbeid og liv i eit lite industrisamfunn av Eva Fägerborg og Aud Raknem.
Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har det som finns av arkiv etter DNN (materialet blei overført frå Eydehavn til Tyssedal) , men materialet er ikkje komplett. OLA/174.