Hardangerverket

A/S Hardanger Elektriske Jern- og Stålverk blei grunnlagt i 1910 av Sam Eyde medan han var generaldirektør i AS Tyssefaldene. Elektrokjemisk (Det norske Aktieselskab for Elektrokemisk Industri (Elkem)) og Arendals Fossekompani var også interessentar.

hardangerverket 1914 (Ingressbilde)

A/S Hardanger Elektriske Jern- og Stålverk i Tyssedal, ca 1914. Fotoet er tatt på eit tidspunkt der røyrgata er stengt og vatnet renn ned fjellsida i staden for via kraftstasjonen. Det medførte stopp i all produksjon i Odda og Tyssedal.

Alt i januar 1909 vedtok direksjonen for AS Tyssefaldene å kjøpa ein svensk metode for smelting av jernmalm. Bakgrunnen var at Tysso I med Tyssedal kraftstasjon hadde langt større kraftressursar enn det Oddafabrikkane (seinare Odda Smelteverk) hadde behov for, så det var viktig å få i gang fleire kraftkrevjande fabrikkar og skapa eit industrielt miljø i området. Det lansiktige målet var å byggja ut ein elektrisk jern- og stålindustri i Noreg. 

Hardangerverket med ”Verdens Ende” og Tveitahaugen bak. Foto: K. Knudsen / NVIM I-TYG3399<br>Foto: K. Knudsen / NVIM I-TYG3399
Hardangerverket med ”Verdens Ende” og Tveitahaugen bak.
Hardanger Elektriske Jern- og Stålverk var bygd som ein forsøksfabrikk. Sam Eyde sin plan var å prøva ut teknologien i Tyssedal og deretter gå i gang med eit stort stålverk i Arendalsområdet. Teknologien var kjøpt frå Sverige; ein stor masomn utvikla av ingeniør Grønwall ved Domnarvet Järnverk i Borlänge.  

Smeltinga kom i gang i 1911. I 1912-13 utvida dei med ein omn til. Men heilt frå starten hadde verket problem med drifta, og på folkemunne blei det heitande ”Hardanger Elendige Jern- og Slaggverk”. Slagg frå stålverket vart enda til tippa på sjøen som fyllmasse, noko vi framleis kan sjå i sjøkanten utanforTyssedal kraftstasjon. 

Fabrikken blei lokalisert i området der Turistvegen opp til Skjeggedal hadde starta ved  Sørfjorden. På fotoet ser vi kraftlinja i fjellsida innover mot Odda.Foto: NVIM I-TYG702<br>Foto: NVIM I-TYG702
Fabrikken blei lokalisert i området der Turistvegen opp til Skjeggedal hadde starta ved Sørfjorden. På fotoet ser vi kraftlinja i fjellsida innover mot Odda.
Fabrikken var lokalisert langs sjøen i Tyssedal, sør for elva Tysso. Prøvedrifta blei aldri lønsam og det stoppa i praksis rundt 1913. DNN Aluminium starta alt i 1912 forhandlingar om leige utan å lykkast. I 1915 gjekk neste generaldirektør for AS Tyssefaldene, Ragnvald Blakstad, inn og overtok 90% av aksjene og inngjekk kraftleieavtale med DNN Aluminium for oppstart av ein ny fabrikk på tomta.

Jern- og stålverket hadde bygd opp kaiområde og fabrikkhall med mottaks- og fordelingsstasjon for straum. Dette kunne aluminiumsfabrikken overta og det korta ned byggetida.

Sentrale personar bak Jern- og stålverket var forutan Sam Eyde, syskenbarnet Alf Scott Hansen og heradshøvding Wallenberg, alle medlemer i direksjonen for AS Tyssefaldene. 

Tekst: Brita Jordal, Norsk Vasskraft- og industristadmuseum (NVIM)

Grunnlagt: 1910

Adresse: Naustbakken, Tyssedal

Kilde: AS Tyssefaldenes utviklingshistorie 1906-29 og 1906-56.