Odda Smelteverk

Odda Smelteverk, også kjent som Oddafabrikkane, var ein fabrikk som vart etablert i Odda i 1906 og hadde produksjonsstart i 1908. Etter mange år som ein stor hjørnesteinsbedrift i Hardanger gikk fabrikken konkurs i 2003. Fabrikken produserte kalsiumkarbid, kalsiumcyanamid, dicyandiamid og hydrogencyanamid. Under oppstart i 1908 var fabrikken verdas største karbidfabrikk.

Odda Smelteverk (Ingressbilde)

Oversiktsbilde fra Odda på 1930-tallet

Fabrikkene, karbid og cyanamid, vart etablert i 1906 av Alby United Carbide Factories og North Western Cyanamide Company. Albert Petersson var den første direktøren og saman med Sam Eyde og A/S Tyssefaldene var smelteverket starten på overgangen frå bondesamfunn til industrisamfunn i Odda. Den største grunnen til at smelteverket vart bygd i Odda var på grunn av dei store kraftressursane i Tyssedal som Sam Eyde hadde skaffa rettane til, og i april 1906 vart selskapet A/S Tyssefaldene stifta og inngikk kontrakt på levering av straum til det planlagte smelteverket i Odda sentrum, 6 km unna det som skulle bli Tysso I kraftverk i Tyssedal.

Eit lite utdrag frå dokumentasjonsprosjektet "Odda Smelteverk frå råstoff til produskt" utført av fotograf Arvid Aga i 1998-99 for Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. I utdraget ser vi litt frå kalkovnane, karbidovnen og cyanamiden.

Foto: NVIM<br>Foto: NVIM
I september 1906 starta anleggsarbeidet med smelteverket, ingeniør Bruce som hadde jobba saman med Petersson sidan 1903 var byggeleder, og i mai 1908 stod fabrikken ferdig. Etter fleire oppstartsvansker kom det ordinær drift av smelteverket frå september 1908.

Foto: NVIM<br>Foto: NVIM
Etter første verdskrig fekk smelteverket merka den økonomiske nedgangen og i 1921 gikk bedriften konkurs og nærare tusen personar vart arbeidsledige. I 1924 starta drifta opp igjen og det var no fabrikken fekk navnet Odda Smelteverk A/S, eigerar no var Hafslund/Meraker-gruppa. I 1937 kjøpte British Oxygen Company (BOC) alle aksjane i Odda Smelteverk A/S. I 1998 tok selskapet Phillips Brothers Chemicals over og eigde det fram mot konkursen i 2003.

Råstoff, produksjon og produkter

ProduksjonsdiagramFoto: NVIM<br>Foto: NVIM
Produksjonsdiagram
Her er ei beskriving av dei forskjellige produksjonane som foregikk på Odda smelteverk og produktane dei eksporterte. Dei forskjellige prosessane var avhengig av kvarandre, noko vi og kan sjå ut av produksjonsdiagrammet.

1. Kalsiumkarbid 

Råstoffa for kalsiumkarbid er metallurgisk koks, antrasitt, petrolkoks og kalkstein. I tillegg kjem elektrodemasse og jernblikk for elektrodemantler og emballasjetromler. Metallurgisk koks kom frå leverandørar i Vest-Europa og Nord-Amerika, alt avhengig av pris og tilgjengeligheit. Mesteparten av petrolkoksen vart importert frå USA. Frå starten i 1908 og fram til 1961 kom mykje av kalksteinen frå kalksteinsbrotet på Skaftå på Osterøy, etter 1961 kom mesteparten frå Storbritannia og andre delar av Vest-Europa.

Første steg i produksjonen er å brenna kalksteinen til brent kalk. Sjaktomnar vert fyrt med CO-gass frå karbidomnen. Ved 900 - 1100 grader vert kalsiumbarbonat spalta til brent kalk og karbondioksid. Til framstilling av eit tonn karbid går det med 600 kg koks, 1700 kg kalkstein, 15 - 20 kg elektrodemasse og 3000 kWh elektrisitet. Karbiden vert tappa ved 2000 grader i flytande, kvitglødande tilstand i støpejernsdigler og så avkjølt.

Når karbid kjem i kontakt med vatn, vert det utvikla acetylengass. Acetylengass gir eit intenst kvitt lys som i starten vart nytta som lyskjelde, spesielt i gruveindustrien i Storbritannia. Seinare vart gassen teke i bruk til blant anna autogen sveising, i tillegg til at ein stor del av karbiden gikk til produksjon av kalsiumcyandiamid som kunstgjødsel. Acetylen vert og brukt til framstilling av kjemikalier som t.d. PVC. Karbid i finmalt form vert brukt til avsvolving av jern og stål. 

2. Kalsiumcyanamid

Råstoffa for framstilling av kalsiumcyanamid er kalsiumkarbid, nitrogen og ei mindre mengd flusspat.

Karbid vert knust, tilsatt flusspat og returcyanamid. Blandinga vert overført til ei stor kulemølle der ho vert finmala under ei tørr nitrogenatmosfære. Ved om lag 1050 grader reagerer kalsiumkarbid med nitrogen, og resultatet vert kalsiumcyanamid og karbon. I Odda vart kalsiumcyanamid framstilt i 324 Frank-Caro omner. Kalsiumcyanamiden vert teke ut av omnane som harde blokker, avkjølt, knust og malt. Deretter blir det lagra i siloar.

Kalsiumcyanamid vart tradisjonelt brukt som gjødningsmiddel og ugrasdrepande middel innan jordbruk. Kalksalpeter og fullgjødsel tok etter kvart meir og meir over. Ein annan bruksmåte er som råstoff for kjemisk industri. Smelteverket sin produskjon av kalsiumcyanamid vart meir og meir brukt som råstoff for produksjon av dicyandiamid.

3. Dicyandiamid (dicy) 

Råstoffa for dicy er kalsiumcyanamid, vatn og karbondioksyd. CO2-gassen var avgass frå kalkbrenninga.

I reaksjonskar med kraftige røyrverk vart kalsiumcyanamid løyst i vatn, medan kalkomngass vart blåst inn i botn av reaktoren. Kalsiumcyanamiden reagerte med vatnet og kalken vart felt ut som kalsiumkarbonat. I krystalltankar vart oppløsninga avkjølt og dicyandiamid krystalliserte ut i sukkerliknande kvite krystallar. Dicyandiamid vart tørka og pakka som kvite eller fargelause krystallar.

Nesten heile dicyproduksjonen gikk lenge til framstilling av verdfulle melamin-plaststoff. Dicy har ein struktur som er veleigna som utgangspunkt for ei rekkje produkt: tilsettingsmiddel i plast, tekstil og lær, sprengstoff, vaskemiddel, ugrasdreparar, brannhemjande stoff, rustfjernande og rustbeskyttande stoff, fargestoff og medisin. Dicy vart eksportert til ei rekkje land i alle verdsdelar, dei siste åra var USA, Vest-Europa og Japan dei viktigaste mottakarane.

4. Hydrogencyanamid Cy50

Råstoffa er kalsiumcyanamid og CO2.

I 1999 vart det bygd ein fabrikk for produksjon av hydrogencyanamid Cy50. Cy50 betyr 50% hydrogencyanamid oppløysning. Produktet var framstilt og solgt i væskeform, altså som 50% hydrogencyanamid og 50% vatn.

Cy50 har få bruksområde som ferdigprodukt, men som råstoff til andre prosessar er det mange bruksområder. Det kan til dømes vera utgangsmateriale til produksjon av plantevernmidler, tekniske konserveringsmiddel, desinfeksjonsmiddel, lim og bindemiddel, legemiddel og agrokjemikalier.

 

Tidlinje frå starten i 1906 fram til konkursen for Odda smelteverk AS

  • 1906
    20. april: ble Aktieselskabet Tyssefaldene (AST) stiftet på ingeniør Sam Eydes kontor i Kristiania. Eyde generaldirektør i AST. AST skal levere 20000HK til en kabridfabri for Sun Gas innen 1.mai 1908, samt kjøpe opp og leie ut til SunGas fabrikktomter i Odda
    25.april: Konsesjon innvilget på vilkår norsk styre. Sun Gas får kontrakt på 30 års leie av vannkraft og fabrikktomter
    17. juli: ble det inngått en avtale mellom NWCC og La Societa Generale per la Cianamide om import og salg av kalsiumcyanamid i Norge, Sverige, Danmark, Belgia og Storbritannia.
    September startet man å bygge karbidfabrikk i Odda.
    17.november: Alby united carbide factory Ltd ( AUCF) – SunGas får nytt navn. Albert Petersson direktør for AUCF, og for Meråker
  • 1907
    10. juni inngår Albert Petersson, North Western Cyanamide Company kontrakt med A. Schumacher, Aktieselskabet Christiania Monier- og Cementvarefabrik, om oppføring av en cyanamidsilo i armert betong på 8000 kubikkmeter, bygging startet umiddelbart.
    18.september North Western cyanamide Co stiftes, Albert Petersson direktør
  • 1908
    4.mai: Alby United Carbide Factories Ltd. sin karbidfabrikk i Odda sto ferdig i mai og etter noen startvansker gikk fabrikken i ordinær drift fra september. Planlagt årlig produksjon er 32 000 tonn.
    North Western Cyanamide Company produserer 1760 tonn kalsiumcyanamid det første året
  • 1909: Karbidfabrikken jobber med full kapasitet.  Alle tolv ovnene i virksomhet.
  • 1910: Cyanamid eksporteres fra Odda til en ny fabrikk i Belgia som omdannet kalsiumcyanamid til ammoniumsulfat. Årlig produserer cyanamidanlegget nå 16 000 tonn.
  • 1911: Ny type ovn i karbidproduksjonen prøves ut i Odda.
  • 1912: AUCF og NWCC dannet Nitrogen Fertilizers Ltd
  • 1912–1914: Utvidelser: 6 nye kalkovner, 10 nye karbidovner som produserte 14-16 t karbid/døgn, en dobling fra 1908. Produksjonskapasiteten ved karbidanlegget utvides til 85 000 tonn. Cyanamiden utvidet til 604 ovner, og leverte 80000 t cyanamid i 2015
  • 1913: Nitrogen Products and Carbide Co. overtar NWCC. I samarbeid med R. Blakstad kjøpte de opp vannretter I Aura, Tokke og Dettisfoss. Utbygging av Aura-fabrikken blir ledet av AP, som flytter fra Odda til Oslo. RB leder utbygging av vannfallet I Aura.
  • 1913: Harald Rosengren blir ny disponent for AUCF
  • 1914: 18. august dør Albert Petersson
  • 1915: FW Bruce overtar som adm.direktør, Rosengren fortsetter som disponent. Sigurd Giertsen blir direktør for NWCC – blir til 1919.
  • 1915–1916: Gode år for fabrikkene. Produksjon økte gradvis gjennom krigen til: karbid 65000 t, cyan 65000 t i 1918, AUCF/NWCC betalte ut utbytte på 5-12 % i de beste årene. Men hadde fastprisavtale til Nitrogen Fertilizers på 30 år til 4,17 pund/t, dette trakk mye ned i krigsårene.
  • 1917–1919: Flere patenter for produksjon av granulert cyanamid og fremstilling av gjødningsstoff.
  • 1918: Cyanamidfabrikken oppnår sitt høyeste produksjonstall: 65 700 tonn cyanamid
  • 1919: Fall i eksport og produksjon
  • 1921: Den verdensomspennende depresjonen tidlig i 1920-tallet når Odda,  fabrikkene stopper i 1921
  • 1923: AST konkurs, Blakstad går av og overlater sine aksjer til bankene
  • 1924: 28. august: Refinansiering av AST – overenskomst mellom Hafslund, Meråker, DNN og Norzink og AST. Helsingørprotokollen : enighet om kraftkvoter, pris på kraft AST, leie av fabrikkareal, fabrikkbygninger og boligareal.Konsesjoner. Deltakere: Iver Høy og Knud Ø. Bryn, Hafslund, Høy, Solberg, Kiær, Meråker, Helliesen+ 1 fransk, DNN, Hauzeur, Creplet, Asturienne/ Norzink.
  • 1924: 19.september: Odda Smelteverk AS (OS) ble grunnlagt. Hafslund og Meråker kjøpte en del aksjer i AST, Høy ble adm.dir for meråker/hafslund/OS, og Bruce ble disponent for OS. Knud Bryn viktig for reorganiseringenav AST/OS, direktør for Hafslund 1898-1928, og styreformann i AST frå 1924. Fra 23 desember -  karbidproduksjon i gang på 3 ovner
  • 1924–1928 Iver Hesselberg Høy (1877-1943) leder fabrikkene i Hafslund–Meraker-Odda (HMO)
  • 1924: Skaftun (1908-61) og Moster kalkleier kjøpt frå AUCF+ lekteren Sørfjorden til frakt. Antrasitt innføres frå England, spesielt Wales
  • 1924–1930: Gode år for fabrikkene. Lavt karbidsalg pga karbidsyndikatet, cyansalg godt spes. Til Norsk Hydro og til andre gjødningsformål. På det norske markedet finnes Kalkkvelstoff Odda Trollmjøl, god PR. Cyansalget organiseres gjennom Fertilizers Sales i London, til Dalmatienne og Belgia. Cyanpakking ble sesongarbeid for gårdbrukere. God krafttilgang
  • 1925: fra 2.april – cyanproduksjon i gang
  • 1927: 2 møller kjøpt av Bjølvefossen for finmaling av karbid. Karbidprod.ble aldri noe av i Ålvik
  • 1927 - 1928Oddaprosessen patentert. Utviklet av Erling Johnson, sjefskjemiker. Råfosfat+ salpetersyre= nitrogensulfat+kalium = fullgjødsel. Billig gjødsel for gårdbrukere. I tillegg patenterte han Kalksalpeter, patent nr. 41307 i norge. Tvist med Hydro ang denne, ble avgjort rettslig etter 2.verdenskrig
  • 1928: Moster kalkbrudd i drift
  • 1931: ca 900 arbeidsledige – kun (lavt) cyansalg og «silkekarbid» ( til rayonsilke av acetat). 17. september er lagerkapasitet sprengt og cyanamidproduksjonen stanses
  • 1932: 9. mars gjenopptas cyanamidproduksjonen
  • 1933: Rasjonaliseringstiltak gjennomføres - forsøk med større cyanamidovner
  • 1934: større cyanovner monteres gradvis, og planer om ny karbidovn på 1800HK. Trollmjøl vurderes granulert, men det blir ikkje. BOC største kunde på karbid til acetylen. Avtale med Bamag Meguin i Tyskland om utnyttelse av Oddaprosessen.
    Gradvis utskifting av de 604 cyanamidovnene (400 kg fylling) med 324 større ovner (1300 kg fylling), noe som forbedret prosessutbyttet i forhold til høyere nitrogeninnhold. Cyanpakking veldig støvete arbeid viss den ikkje ble olja.(Vannbehandlingsanlegget tilsatte olje)  Hydro ville ha uolja cyan
  • 1936: Arbeidervernlovene innføres i Norge. Fabrikktilsyn besøk 2 g pr år
  • 1936-37: Ny karbidovn – 3 fasa Søderbergelektroder. Open omn, oppstart5 13.mai 1937 (Seinere blir den kalt Ovn I)
  • 1937British Oxygen Company (BOC) kjøper aksjene i Odda Smelteverk, som blir en del av det internasjonale BOC-konsernet. Dette sikrer Odda-bedriften bedre salg og utvikling.
  • 1938: Avtale med IG Farben om utnyttelse av Oddaprosessen.
    Felles garderobeanlegg for hele bedriften i Sentralbadet, med dusj, toaletter etc.
    Areal og bygg på OS er eid av AST på åremål til 1984 – alt nå begynner en sonderinger/forhandlinger ang kjøp.
    13.november: storflom, kraftleveranser ute 1 uke, mange OS-boliger v Freimselva ødelagt.
  • 1939: OS går over til BOC’s regnskapsår; 1939 blir avsluttet 30 september.
    324 cyanovner. Karbidsyndikatet og Cyankartellet oppløses før/ved krigsutbruddet.
    Styreformann 1924-37 Elias Kiær dør, Bruce ny i styret, under ny formann Hermann Christiansen (1938-52). Harald Rosengren (OS 1906-39) dør. Ny ingeniør etter ham: Iver Høy jr – til 1943
  • 1940-45: Tyskerne vil ha cyan og skjermer produksjon og skiping. Stickstoff-Syndikat GMbH, Berlin tar seg av sal. Laben produserer gjær til brødbaking. Etterhvert råstoffmangel, og div gå sakte- aksjoner i produksjonen
  • 1942 (ca) Trafoer til en karbidovn 2 bestilt av BOC, men disse ble ført til Tyskland, kom etter krigen til Odda
  • 1945 - Nedslitt produksjonsutstyr, ønske og beg.prosjektering av karbidovn 2, nye knusere cyan, elektrisk tørke og trafo for granulert cyan, ny lossekran kalkstein
  • 1945 Norsk Hydro stevnet for retten for patentinngrep av Odda Smelteverk og Erling Johnson
  • 1947: Forlik mellom Odda Smelteverk og Norsk Hydro. Saken forlikt ved at Hydro betalte Odda 175 000 kr, samt inngikk en 10-årig samarbeidsavtale.
    Prosjekt dicy og melamin – prøvedrift 200 t dicy/år. Melamin i BOC Chester-Le-Street
  • 1948: Ferie 3 uker, fast bedriftslegeordning saman med DNN og Norzink, 1.lege Anthon Anthonsen
  • 1949: 25årsjubileum. Pensjonskasse for arbeidere opprettet , med 1 mill i grunnkapital. Hafnor merkantil direktør, Iver Høy teknisk direktør, Hallgren, maskiningeniør ansvar for utbygging av Lindehuset med HJB som tolk for korresp.med Otto Jung.
  • Oppkjøp av Bruk Nr 2 på Hjøllo til tipp – Ragdetippen full
  • 1949 – 53 Dårlig salg utenlands, lav inntjening innenlands salg av karbid (Pristilsynet – dårlig pris) OS pålagt av Staten å selje karbid innenlands til under kostpris
  • 1950: Krafttilgang: Mågeli vedtas utbygd, Vendevatn overføres til Ringedalen; konsesjoner avklares med Staten i 1950-51. Utover 50årene er det klart at 22000HK er for lite til å drifte 2 karbidovner, det bedrer seg med Mågeliutbygginga, men en tenker større og ser for seg Tysso II utbygd allerede nå.
    Priest kalkovn bygges og nytt Lindeanlegg, Det første mislykket, (produserte for mye finstoff, og kresen på kalksteinsstørrelsen), det andre vellykket. Kalkforekomstene på Skaftun og Moster minker kraftig.
    Lekteren Moster kjøpes for kalktransport, de første trucker ankommer
  • 1951: Norsk Hydro produserer fullgjødsel etter Oddaprosessen. BASF og Hoechst i Tyskland og Staatsmijnen i Nederland hadde bygget fabrikker som anvendte Oddaprosessen.
    Dicyfabrikken starter opp som prøveprosjekt i Odda, ledet av personal fra BOC, spesielt var R.F. Goldstein viktig, han satt og i styret til OS frå 1956-66.
  • 1952: Styreformann Christiansen dør, Peter . P. Stabell (1908-1992) ny frå 1952-
  • 1953: OS overtar dicyproduksjonen, og kommer etterhvert opp i 90 t/uke på det meste. Forslagskassen oppretta.
    Bruce går av, 78 år gml, Hafnor overtar som adm.dir 1953-61.
    Pris for gjødning for norsk marked ble frigitt
  • 1954-57: Karbidovn 2, lukket , roterende type, 16500 KVA. Goldstein viktig for prosess med å utnytte CO-gassen fra ovn 2 til dampkjelfyring på dicy – sparer fyringsolje
  • 1955-56: Omfattende modernisering vedtatt og gjennomført: Ny importkai for kalk og kull(Høyer-Ellefsen), Ny lossekran Widbech, ny Pohlig taubane frå importkai til råstofflager, med endestasjoner, beskyttelsesbro over riksveg og nye master. ( Høyer-Ellefsen/ Høgenæs), nytt råstofflager med langsgående tappetunnell, transportbelter etc. Høgeneæs/ Sandaker, 2 nye kalkovner – Wärmeststelle, utforma slik at CO2gass derfra kunne leveres til dicyfabrikken. Denne skulle utvides til 7-8000t/år. Karbidovn I ble grundig rehabliltert med bl a ny elektrodebunn i drift igjen fra høsten 1956.
  • 1956: 1.januar Moster lagt ned, ikkje drivverdig.
    18.oktober Fabrikkgrunn overtatt frå AST – herre i eget hus.
    1. oktober starter Mågeli kraftverk og Odda Smelteverk fikk levert 30.000 HK. Vendevatn overført, og AST leverer etter avtale kraft til Ullensvang herad.
  • 1957: Fanehjelmskalkovnene rives, erstattes
  • 1958: Tysso II-utbygging blir reist på ny, for sikrere kraftleveraner og – mengder.
    Gunnar Evertsen sjefsingeniør inn i styret, O.S. Kristensen ble dirftsingeniør for dicyanlegget
  • 1959-61: Nedbørssvikt og kraftrasjonering; redusert produksjon. Langevatn nedtappa; AST borer tappetunnell fra Bersåvatn i samarb med bedriftene.
  • 1960: 1. juli: Langtidskontrakt om levering av kalkstein frå Llandullas i Wales, eid av W.R. Robertson Shipowners. Dagbrudd med store forekomster.
    Antrasitt fra Holland, koks fra NCB England. Fraktsamarbeid med Jebsen for kullmaterialer
  • 1961: Skaftun nedlagt som kalkbrudd, lekteren Sørfjorden solgt. Prissaken avgjort til fordel for Staten. 4.mai: Ovn I i produksjon som lukket ovn – det ble produsert mer CO-gass til Dicy. G. Evertsen ny adm.dir etter Hafnor. 
  • 1962: Tysso II godkjent i Stortinget, finansiering : Norges Bank, BOC
  • 1963: Ekstra tappetunnell Bersåvatnet.
  • 1963 og 1971: Pensjonistboliger i Odda og Tyssedal isamarbeid mellom bedriftene og Odda kommune
  • 1964-  Forberedelser til 50 perioders strøm fra AST: Nye overføringslinjer fra Skjeggedal, dbl.linje 60 kV 25 og 50 Hz – IS Kviturlinja(OS, Norzink, AST 1/3 hver). Ny sekundærstasjon(trafo) i bygg 004 A, med hovedtrafo på 55 MVA.
    4.mars: Foregrepet hjemfall for Tysso I og Mågeli, med nytt hjemfall 31.12.2006
    27.juni:  Konsesjon på kraftleie 36.210 kW/ 49.200HK, med opsjon på inntil 73.000kW/ 100.000HK fram til 31.12.2006, og: Konsesjon for erverv av fast eiendom uten tidsbegrensning = erstatning for konsesjoner fra 1924 og 1937.
    En av Wärmestelleovnene ombygd til High Capacity kalkovn – 2,1 mill kr etter Union Carbides tegninger. Vellykka: bedre kalk, spart brensel, mindre bemanning. Velferdsbygg for pensjonister
  • 1965: Makeskifte med OK på Almerket. Godt dicymarked. Nytt Kokstørkeanlegg (m elektrofilter) med tanke på økt karbidproduksjon til 95000t/år. Konsesjon for økt karbidproduksjon til 95000t/år på visse vilkår fra Røykskaderådet
  • 1966: Goldstein dør, og fikk ikke opplevd Tysso II.
  • 1966 (ca): Union Carbide: Instruks for kjøring av kalkovn som HC-ovn – viktig dokument for større kapasitet. 
  • 1967: 18. januar står samkjøringslinjen (50 Hz strøm) klar og 24. januar startet kraftleveringen fra Tysso II. (Drift på en maskin med kraftlevering 60.000HK. Et vendepunkt i bedriftens historie. Samme år økte karbidproduksjonen fra 50 000 tonn til 85 000 tonn. Odda Smelteverk kunne nå gå inn på det nye markedet for kalsiumkarbid til avsvovling av jern og stål.
    Juli: full stans i produksjon pga rensing og tetting av vanntunnellene til og fra Lilletopp
    21.september: Tysso II offisielt åpnet.
  • 1967 - Gradvis omlegging til 50 Hz i deler av anlegget, fremdeles 25 Hz til karbidsmelting
  • 1967 - …gode år for OS; karbidsalg godt (Notodden, Meråker, Hafslund la ned, OS økte. Økt salg av karbid til avsvolving av jern og stål. Ciltreat = Karbid +tørka dicyslam, nytt produkt til stålindustrien, i samarbeid med BOC.
  • 1967-71 Dicyutvidelse. Økt bruk til melamin.
  • 1968: Tanker om ny karbidovn. Kalkovn I bygd om til HC, Begge er nå HCovner med rør ned i massen, kan nå fylles med dårligere kalk, støv etc, dette hadde tidligere vært avfall. Bedre utnyttelse av råstoffet.
  • 1968: Smeltekapasiteten øker på ovn I og II fra 15000 kW til 25000kW, ved å bytte ut 3 trafoer på hver ovn. Dette gjorde ovnene mer stabile, og færre elektrodebrudd oppsto. Utvideler i pakkeri, kjølehall, og kraner. Emballasje: mer over til frakt i konteinere.
  • 1969-70: Utbyttet i cyanavd.for lite, hjalp med hovedrevisjon i Lindeanlegget
  • 1969: Ny dampkjel dicy
  • 1970: Karbidproduksjonen doblet, antall ansatte går ned fra 551 til 501 i 1974. Rasjonalisering, over til petrolkoks i stedet for antrasitt som karbonkilde til karbidovnene. OS har 220 leiligheter til ansatte
  • 1970–1980: Miljøsatsing. Bedre arbeidsmiljø og utemiljø. Søknad om utslipp innvilget av Røykskaderådet. Med vilkår om rensefiltre. Krevde en god del forsøksvirksomhet ved OS
  • 1971: Dicyutvidelse ferdig, tok heretter nesten all cyanamid, derfor lite direktesalg av cyan etter 1971. Kjølevannsledningene fra 1949 fra Sandvinsvatnet blir erstattet av ny 20 ‘’ tilleggsledning i samarbeid med OK. Prosjektet omfattet også kloakkledning fra Opo vest.
  • 1971-74: Odda Miljøvernkomite. PL: Eigil Sigvartsen, formann Sv. Indrebø. Kom med rapport i 3 deler om utslipp og mulige reduksjoner av disse fra de store bedriftene.
  • 1973: Dicy produkjson 15.000t/år. Godt salg. Karbidfrakt bare i konteinere. Pensjonsordning for ansatte gjennom Norske Folk
  • 1974: 50-års jubileum. Anders Rokne gir ut Odda smelteverk A/S i 50 år. Pensjonistenes hobbyhuse/velferdsbygg innvies. Produksjonen av kalsiumkarbid 110 000 tonn, kalsiumcyanamid 51 000 tonn og 15 000 tonn dicyandiamid. Eksporten av karbid var betydelig. Odda Smelteverk markedsførte seg som verdens største eksportør. Planlegging av karbidovn III + kostnadsoverslag. Bevilgning: 40 mill.avhengig av ny konsesjon på kraft. Ny kokstørke 2. Bevilgning til ny lossekran – Århus maskin 12 t.
  • 1975–1980: Oksla kraftverk bygges
  • 1975: Skifte av kullbunn og omforing av Ovn II, gir god kvalitet
  • 1976: 15.mai: Kontrakt med Elkem om bygging av Ovn III med tilbehør og garantier, verd 60 mill. Godkjent av BOC-styret. Div utredninger ang utslipp og krav ang støv, støy,gass. 9. juni vedtar Stortinget ny kraftkontrakt på 130 GWh. BOC bevilger 2 mill til tappemaskiner
  • 1976–1978: Odda Smelteverk bygger ovn III, verdens største lukkete kalsiumkarbidovn med en årlig produksjonskapasitet på 130.000 tonn
  • 1977: Miljøvernloven. AMU opprettes med like mange representanter fra arb.giver og –takersida
  • 1977: Vannlekkasjer i Ovn II, som slås ut.Bare Ovn I i produksjon til Ovn III startes
  • 1978: 1.feb.: Ovn III startes, råstoff has på etter 10 dager. Ringbanen har dårlig framtrekk og fungerer ikke, overtapping. Råmaterialvektene er ustabile, og gir feil fylling. Dårlig kvalitet på karbiden
    22.februar: Ovn I stansa pga ødelagt gassrenseanlegg
    27.mars: Trafohavari Ovn III, den sendes for omvikling
    28.mars Ovn I startes, og en bestiller reservetrafo til Ovn III
    14.april: Ovn II startes
    25.mai: Ovn III startes – nytt havari
    28.august: Ovn III startet, ga dårlig kvalitet, som bedret seg etter hvert, men ble ikke som fra Ovn I og II, Ovn III i drift ut året. Ovn I og II kjøres ned
  • 1978 - 1984: OS tjente ikke penger i denne perioden.
  • 1978: Forsikringssak mot Elkem ang produksjonstap.Medhold (Storebrand) 12,5 mill.
  • 1979: Fremdeles dårlig kvalitet på karbid fra Ovn III. Gruppe fra Elkem oa ser på mulig endring i koks/kalkpåfylling og kvaliteter. Melaminsalget stuper, BOC legger ned Chester-le-Street . Offensiv for dicysalg.
  • 1980: Fremdeles dårlig kvalitet på karbid fra Ovn III.
    9.juni: Gjennombrenning av ferrosilisium i ovnsbunnen av Ovn III, Ovn I og Ovn II starta opp, på 50 perioders strøm(Trafoene var bygd for dette). 24.juni startet utgraving av Ovn III, og ferdig i sept. Elkem har ingen svar på feilene, og ønsket heller ikke inn ekstern kompetanse fra SKW – Denka eller Brostrup-Müller som uavhengig ekspert. OS engasjerte advokat Ringdal i sak mot Elkem, men ønsket minnelig ordning (Kolrud førte for Elkem). Elkem ville ikke godskrive noe tap. Usikkerhet om videre drift
    30.september: brudd på rør Tysso I. Hele OS må legge om til 50 Hz.
  • 1981: Karbidpriser og dicysalg går ned. 20 mill til ombygging Ovn III vedtatt av styret, mannskapsreduksjoner til under 400, OS begynte boligsalg til ansatte. Ovn I og II produserer det som kan selges av karbid
  • 1982: 1. februar: Gunnar Evertsen adm dir.etter Kristensen. Denka får prosjektet med ombygging av Ovn III, 1.august: Ovn III kommer i kontinuerlig produksjon med en belastning på 50-60 MW, kvaliteten ikke god nok
  • 1983: høyt innhold av pet.koks viste seg å gi bedre karbid på Ovn III. Dårlig salg av karbid og dicy. Kalkstein fra Llandullas i 30 år, nå får OS prøvelaster fra Tilcon i Yorks og fra Gotland
  • 1984: 1.juli: Robert Hermansen blir direktør etter Evertsen
  • 1986: bedriftsforsamlingen nedlegges, i stedet får de ansatte 3 repr.i styret av totalt 8 repr. Toralv Hovland ansatt som prosjektdirektør. Produksjonsreduksjon, 80 ansatte på interne opplæringsprogram støttet av arbeidskraftsmyndighetene. OS begynte forsiktig å tjene penger. Regnskap i balanse for 1985-86. Nytt elektorfuilter for kokstørka montert.
    28.mai: siste tog på skinner til eksportkaia, Robert mcKay lokfører. Heretter på MAFItraktorer.
    18.september: Kvalitet i arbeid – kvalitet i produkt. Kvalitets- og holdningskampanje
  • 1986-1987: 14 mill. i overskudd
  • 1987: Omorganisering: Gunnar Østby – produksjonsdirektør, Jan T.Lilletvedt  - økonomidirektør, Arne Mæland – personalleder, R. Overend - leder for innkjøp,PR,råvarer (som før). Arbeidstida går ned fra 40 til 38,5 t/u. Bedriftshelsetjenesten flytter inn i portvakta (bygg 002). Trimrom i Sentralbadet.Totalt 356 ansatte. Automatisering dicy: Ny pakkelinje montert for cyantransport til dicy (fra Excoop AB). Vellykket prosjekt
  • 1987-88: 23 mill i overskudd. Halvor Johan Bådsvik, Erik reide og Trygve Fodnes går av med førtidspensjon
  • 1988: Nytt karbidpakkeri ferdig i november.
    22.desember. Eksplosjon i karbidpakkeriet med store skader på bygg , transportutstyr og maskiner. Ingen alvorlig skadde
  • 1989: Oddakalk som valgt merkenavn = Filterkake (fra dicy) + 20% finkalk produsert til åting i landbruket kom opp i 10.000t/år
  • 1993: Senere års satsing på kvalitet og kundefokus resulterer i sertifisering etter ISO 9001.
  • 1995: Dicyfabrikken utvidet og øker produksjonskapasiteten med 30%.
  • 1998: 1. oktober selger British Oxygen Company (BOC) Odda Smelteverk til Philipp Brothers Chemicals Inc. for £11,5 millioner, via Odda Holding AS. 
  • 1999: Robert Hermansen selger Odda Smelteverks aksjepost i AST til Statkraft og legger til rette for produksjonen av hydrogencyanamid (CY-50). Per Øyvind Sævartveit blir ny administrerende direktør
  • 2001: Styreformann i Philipp Brothers Chemicals, Jack Clifford Bendheim, inngår avtale med den tyske konkurrenten Degussa: egen karbid- og cyanamidproduksjon legges ned mot kjøp av billig cyanamid fra Tyskland som skal sikre produksjonen av Dicy i Odda. CY-50-fabrikken selges til Degussa og blir senere demontert og sendt til Tyskland.
  • 2002: 6. februar: Per Øyvind Sævartveit går av som direktør p.g.a. uenighet om bedriften skal fortsette med karbidproduksjon eller kun satse på kalkprodukter. Styreformann Odd Samstad trår inn som direktør. Odda Smelteverk stopper i juni produksjonen av kalsiumkarbid og i november stoppes midlertidig produksjonen av dicyandiamid. Etter at Degussa ble nærmest enerådende på markedet stiger prisen på dicyandiamid med 50 prosent.
    28. november gjennomfører Konkurransetilsynet razzia i smelteverkets lokaler p.g.a. mistanke om ulovlig prissamarbeid og markedsdeling med Degussa/SKW Trostberg.
    5. desember nedla Odda kommune midlertidig bygge- og deleforbud for smelteverkstomten. I påvente av ny reguleringsplan ble forbudet opprettholdt til 1. september 2007.
    12. desember erklærer divisjonsjef Bill Matheson ved Philipp Brothers Chemicals at Odda Smelteverk bare er midlertidig nedlagt og at målet er å få produksjonen tilbake.
  • 2003: 27. februar begjærte styret i Odda Smelteverk bedriften konkurs.
    3. mars ble konkurs åpnet i Odda smelteverk AS. Driften ved verket hadde da vært innstilt siden i november 2002. 60 ansatte mistet jobben. I desember ble det kjemiske prosessutstyret i dicyfabrikken i Odda demontert, pakket i 40 containere og fraktet med båt til Dawukou i Kina for remontering ved Ningxia Darong Industry Group Co, verdens største cyanamidprodusent etter tyske Degussa.
    17. desember ble hovedstrukturene i produksjonslinjen for karbidanlegget midlertidig fredet av Hordaland fylkeskommune.