Tyssedal kraftverk

Tyssedal kraftverk, Tysso I, som opna i 1908, ligg som eit slott innst i Sørfjorden i Hardanger. Kraftverket Tysso 1 forsynte to fabrikkar i Odda med straum via sju kilometer lange kablar. Den ambisiøse utbygginga varte i 12 år og sysselsette 500 mann, fra ingeniører til rallarar. Berre vel halvanna år etter første spadestikk, var kraftverket i drift.

Tyssedal kraftverk (Ingressbilde)

Tyssedal kraftverk, Tysso I,Norges største høgtrykkskraftverk i 1908. Foto: Dag Endre Opedal


Digital forteljing om Tyssedal kraftverk. Video: Dag Endre Opedal/vasskrafta.no

Utbygginga av Tyssedal kraftverk, Tysso I, starta i 1906 og var det største høgtrykkskraftverket i Nord-Europa. 4. mai 1908 leverte kraftstasjonen i Tyssedal straum til karbidfabrikken i Odda, The Sun Gas Company, berre vel halvtanna år etter anleggsstart. Det var Sam Eyde som sto bak den første utbygginga av Tyssedal Kraftanlegg, men då han gav seg for å  konsentrere seg om Norsk Hydro, tok Ragnvald Blakstad over som generaldirektør for Tyssefaldene i 1910. Med han starta ei stor utviding av kraftanlegget som varte fram til 1918. Kraftstasjonen blei utvida frå eit 50 meter langt bygg med seks maskiner med ein produksjonskapasitet på 20 MW, til eit 180 meter langt bygg med 15 maskiner og produksjonskapasitet på 100 MW.

Røyrgata blei utvida frå 2 til 5 røyr og tunnel nr. 2 (på 3450 meter) bygd frå toppen av røyrgata og opp til vassmagasina i Skjeggedal der den fantastiske Ringedalsdammen vart bygd. Dammen i Skjeggedal sto klar i 1918 og er 520 meter lang, 33 meter høg og vart laga av 100 000 handhogd stein av granitt.

Det var 500 mann i arbeid med kraftanlegget i Tyssedal og Skjeggedal, mens det i Odda var 1000 mann i arbeid med bygginga av verdas største karbidfabrikk. Mangel på teknologi for overføring av straum, gjorde at fabrikken måtte leggast kort veg frå kraftverket. I Odda, 6 km unna Tyssedal, var det plass nok. Odda hadde og infrastruktur med hotell, butikkar og dampskipssamband med Bergen pga. turismen og arbeidskraft var ikkje vanskeleg å få tak i.

Det var mykje godt arbeid bak utbygginga av Tyssedal kraftverk. Det kom både faglærte og ufaglærte til Tyssedal for å få seg jobb, rallarar og ingeniørar. Ingeniør og karbidekspert Albert Petersson kom for å bygga karbidfabrikken i Odda, han vart veldig glad i Odda og budde og verka her heilt til han ein dag forsvann på uforklarleg vis frå rutebåten til Bergen i 1914. Vasskraftutbygginga i Tyssedal og Skjeggedal var det ingeniør Sigurd Brinck som leia. Det var hardt arbeid, lange arbeidsdagar og deling av køyer med dei andre arbeidskarane. Utbygginga skjedde på rekordtid, det var eit pionerarbeid utan sidestykke, spesielt med tanke på røyrgata som var den brattaste og lengste røyrgata som hadde vore bygd til då. Som anleggsbas Ole Martin Olaussen skreik då han dreiv fram arbeidskarane: ”Jobba för fan! I graven får ni hvila!”.

Tyssedal kraftanlegg var i drift fram til 1989 og vart i 2000 freda av riksantikvaren som det første komplette kraftverket i Noreg. Gjennom eit økonomisk  spleiselag mellom styresmakter på alle nivå og lokalt næringsliv og ikkje minst lokal byggfagleg kompetanse, har anlegget blitt restaurert tilbake til sin fordums prakt slik det sto ferdig i 1918. I dag er kraftstasjonen ein kulturell arena med omvisningar, konsertar, teater, middagsselskap m.m. Dei 5 røyra som går 400 høgdemeter opp frå kraftstasjonen Tysso I er restaurert og på toppen av røyrgata ligg Lilletopp med den gamle vokterboligen, fordelingsbassenget, smia og meir. Her kan ein få oppleva tunnelvandring, rallarhistoriar, kulturhendingar og vakker natur.

Les meir om Tyssedal kraftverk på vasskrafta.no

Besøke Tyssedal? Ser info her: http://www.nvim.no/besok-oss/tyssedal/

Dag Endre Opedal, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum