Bedrifter

Dette er en seksjonstekst
  • DNN Aluminium, Tyssedal

    DNN sine fabrikkar i Eydehavn og Tyssedal starta som dei største aluminiumsfabrikkane i verda og enda opp som dei minste. Fabrikken i Tyssedal var i drift frå 1916 til 1981. DNN produserte for eksport og hadde for det meste utanlandske eigarar. Utviklinga på 1970-talet var lenge usikker i Tyssedal og skapte stor uro lokalt og politisk. Fabrikkanlegget blei rive i 1981/82. Både i Tyssedal og i Eydehavn blei fabrikken kalla ”Nitriden”. Offisielt var namnet Det Norske Nitridaktieselskap, forkorta DNN AS, og frå 1970 DNN Aluminium A/S. ”Nitriden” var ei hjørnesteinsbedrift og den største arbeidsplassen i Tyssedal. På 1980-talet kom eit ilmenittsmelteverk på same området.
  • Legeringsverket

    Dei to første fabrikkane i Tyssedal, Legeringsverket og Jern- og stålverket, blei aldri store lokomotiv i industriutviklinga. Dei hadde kort levetid, men erfaringane dei gjorde var viktige, og investeringane i bygg og infrastruktur blei bruka til annan produksjon etterpå.