Albert Petersson

Den svenskfødte ingeniøren doktor Albert Petersson (1870 - 1914) er kjend som den største eksperten på fullskala karbidproduksjon og smelteovnsteknologi tidleg på 1900-talet. Han tok doktorgraden i Zürich, hadde omfattande kunnskap om elektrokjemisk industri, var ein omsorgsfull person og hadde gode leiareigenskapar. Han var ein av dei viktige industripionérane under den andre industrielle revolusjon i Noreg, særleg knytta til Odda.

Født: 1870
Død:  1914

Diplom fra Politechnischen Schule, Sveits, 1893Foto: NVIM<br>Foto: NVIM
Diplom fra Politechnischen Schule, Sveits, 1893
Studietida og dei første utfordringane i arbeidslivet hadde Petersson i Sveits og i dei franske Alpane. Her fekk han språklege kunnskapar, nettverk og erfaringar som han tok med tilbake til Norden der tilgangen på vasskraft- og elektrisitet skapte grunnlag for store fabrikkanlegg.

Svensk industri til Noreg

Smeltehuset i Alby karbidfabrikk med driftseffektive smelteovnar som Petersson utvikla.Foto: NVIM I-04969<br>Foto: NVIM I-04969
Smeltehuset i Alby karbidfabrikk med driftseffektive smelteovnar som Petersson utvikla.
Frå 1898 leidde Albert Petersson oppbygginga av svensk karbidindustri i Alby ved elva Ljungan vest for Sundsvall. Alby karbidfabrikk blei den fremste i verda, og Petersson tok ut patentar på ovnsteknologien bak Albyovnen. Han låg alltid i forkant teknologisk, er det understreka. Slik blei han svært ettertrakta og interessant for investorane. I 1905 var han rådgjevande konsulent i Sam Eyde si ekspertgruppe på Notodden.

Frå 1906 var han sentral i norsk industriutvikling. Parallelt  leidde han gjenoppbygginga ved Meraker karbidfabrikk og oppbygginga av karbid- og cyanamidfabrikkane i Odda. Det var i tillit til hans sin kunnskap og personlegdom at investorane bak Albykonsernet satsa så stort.

Petersson si store interesse for industriutvikling var først og fremst fagleg og humanistisk motivert. Ikkje minst såg han utviklingspotensialet i cyanamidindustrien som vidareforedla  kalsiumkarbid og produserte kunstgjødsel og råstoff for sprengstoff. Etter kvart eigde han òg store aksjepostar i bedriftene han var involvert i, men han dreiv ikkje spekulasjon.

Alle omtala han i ettertid som spesielt omtenksam og ueigennyttig. Han lærte opp mange, satsa på gode bu- og livsvilkår for dei tilsette i Odda, var svært godt lika som arbeidsgjevar og var ein hjelpsam og vennekjær person. Dette medverka til stabilitet og skapte eit verdifullt kompetansemiljø for industrien. Dei næraste underordna medarbeidarane hans var svenskane Frans W. Bruce og Harald Rosengren.

Til Odda

Albyfabrikken i Sverige gjekk godt under Petersson si leiing og dei hadde suksess trass hard konkurranse. Den britiske marknaden for karbid og cyanamid til acetylengass og kunstgjødsel var god. Selskapet The Sun Gas Company ønska difor ekspandera og ba Petersson finna stader med store vasskraftressursar. Karbidsmelting er kraftkrevjande.

Valget fall på Odda og Alby United Carbide Factory Ltd og North Western Cyanamide Company vart etablerte. Delinga i to firma skuldast lisenskrav for cyanamidproduksjonen. Petersson hadde leiinga for begge fabrikkane. Hovudkontoret for eigarselskapet låg i London.

Blåsenborg, eller Brucevillaen, foto frå 1963, same år som den blei rive. Villaen blei bygd av Petersson i 1906. Hans etterfølger som  direktør på Odda Smelteverk, Frans Wilhelm Bruce, ga nytt namn til villaen.Foto: NVIM I-05577<br>Foto: NVIM I-05577
Blåsenborg, eller Brucevillaen, foto frå 1963, same år som den blei rive. Villaen blei bygd av Petersson i 1906. Hans etterfølger som direktør på Odda Smelteverk, Frans Wilhelm Bruce, ga nytt namn til villaen.
I Odda budde han og familien i ein særprega representasjonsvilla i engelsk stil, men med inngangshall i norsk drakestil og stover med kakkelomnar. – Alby United Carbide Factory eigde huset, men han ville ha svensk komfort og kosta kakkelovnane sjølv. Lokalt var huset omtala som ”doktorens villa” eller ”Blåsenborg”, - seinare mest kjent som Brucevillaen

Mennesket og ingeniøren

Albert Petersson vaks opp med to sysken, Signe og Birger. Kona Leonie (1888-1910) hadde seks sysken. Det er bevart nokre få, men innhaldsrike brev som Albert har skrive til dei og foreldra. Her får vi innblikk både i det han er intenst opptatt av fagleg, men og heilt personlege tankar og vurderingar.

Som ung ingeniør i de franske Alpar mellom Torino og Genève, kjem han tett innpå ingeniør Thury og hans familie som blir eit førebilete. Han skriv at Thury var ein av verdas beste elektroteknikarar, ”- en man af hvilken jag kan lära ock redan har lärt mycket. Det er en ytterst anspråkslös människa som helt lefver för sitt arbete och sin familj”.

Seinare forstår vi at Albert tok dette med seg vidare. Han og Leonie hadde eit lykkeleg samliv i Odda og han kom aldri over sorga etter at ho døydde i barsel i 1910. Han hadde òg eit nært forhold til barna Klaus og Ingrid, noko som ikkje var sjølvsagt på den tid.

I 1914 kjøpte Petersson Sam Eyde sitt jaktslott ”Solstua” i Holmenkollen for å ha det som bustad. Albert Petersson samarbeidde tett med industrimannen Sam Eyde. Det same galt den engelske investoren Alfred Ernest Barton og generaldirektør i Tyssefaldene frå 1910, Ragnvald Blakstad. Petersson og dei to siste sto i spissen for ei ny storsatsing innan norsk karbid- og cyanamidindustri; Aura-anlegget på Sunndalsøra. Utbrotet av 1. verdskrigen sette ein stoppar for planane.

Petersson forsvinn

Også industrien i Odda møtte store likviditetsproblem og stoppa mellombels. Krisa var enorm i august 1914. Det vekte mange spekulasjonar og stor sorg i alle samfunnslag då Albert Petersson plutseleg blei borte frå båten mellom Odda og Bergen natt til den 19. august. Han var då 44 år gammal. Kapteinen og styrmannen høyrde ”et plask i vandet” og båten snudde og leita, men mysteriet er aldri oppklart.

Mange misste ein nær ven og kollega i Albert Petersson. Industrien misste òg ein av sine beste utviklarar, og to små born sat igjen foreldrelause. Endå til arbeidaravisa ”Odda Tidende” omtala han i varme ordelag. Folkets Hus i Odda var under oppføring i 1914 og Petersson hadde enda til støtta økonomisk, både frå bedriften og personleg.

Arven etter dr Petersson

Bautaen til minne om Petersson blei avduka i 1916.Foto: NVIM I-02343<br>Foto: NVIM I-02343
Bautaen til minne om Petersson blei avduka i 1916.
Den flotte villaen og Folkets Hus i Odda er borte, men mange av anlegga på Odda Smelteverk er freda. Ingeniøren Albert Petersson var avgjerande for at Odda blei eit senter for industriutvikling frå 1906. Men han hadde betydning langt ut over Odda sine grenser. Hovudverket hans var utviklinga i karbid- og cyanamidindustrien generelt. Den høgreiste bautasteinen til Peterssons minne blei reist ”for at også det norske folk skal få full klarhet over at det var han som skapte dette verk, og den skal stå som et vern slik at ikke andre tillegges æren for kva han har utført” sa Sam Eyde i minnetalen i 1916.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har fått foto og privat arkivmateriale frå familien.

Albert Petersson (Personbilde)

Albert Petersson 1870-1914